/kvinnesak
post@kvinnesak.no

Meninger

Nytt håp for mødre

Giovanni Sassoferrato

Torild Skard, Leiar Norsk Kvinnesaksforeining, hadde 27. desember fylgjande artikkel i Klassekampen .

I tusentals år har liding og død under fødsel vori ein tung kvinnelagnad.

Jomfru Maria var heldig. Ho fødde Jesus-barnet utan alvorleg skade, enda graviditeten ikkje var ønskt, og det var hennar første barn. Dessutan var ho på reise, og tilhøva i stallen var neppe serleg reinslege. Josef hadde slekt i Betlehem, men barnet Maria bar, var ikkje hans. Kva hjelp mor og barn fekk, seier dei mannlege evangelistane ikkje noko om. Fødsel var ei sak for kvinner, men ingen er omtala, og det er tvilsamt om ei jordmor sto bi, ettersom Maria sjølv sveipte den nyfødde i klede. Men nokon må ha kome til, for guten vart omskoren den 8. dagen. Og gjetarar og kongar dukka opp. Om den lille familien vanta noko, fekk dei då rike gåver.

Komplikasjonar ved fødsel var ikkje uvanleg på Kristi tid, men det er vanskeleg å tenkja seg kva som hadde hendt, dersom Maria og barnet hadde fått problem. Kan hende kyrkjeleiarene seinare hadde vorti meir opptekne av mødredød enn jomfrudyrking.

Opp gjennom tidene har millionar kvinner ofra liv og helse for å setja nye generasjonar til verda, og dei mektige har brydd seg lite. Det var ”berre” kvinner, og det var ”normalt” at sume døydde under fødsel. På 1990-talet hadde Afrika verdsrekord i mødredød, men regjeringar og landsbyhøvdingar rista på hovudet. Kva kunne ein gjera med det? Ingen visste når det ville oppstå problem, og det kunne vera kvar som helst i avsidesliggjande, veglause bygder.

I 1987 gjekk Verdsbanken og FN, regjeringar og friviljuge organisasjoner saman om eit globalt initiativ for ”trygt moderskap”. Men resultata lot vente på seg. Sume stader auka mødredøden. I 2000 vart så betre mødrehelse ført opp som eit av tusenårsmåla til FN. Det var eit gjennombrot. Alle land forplikta seg til å minke mødredøden med tre firedelar innan 2015. FN, regjeringar, kvinneorganisasjonar og private fond mobiliserte. Noreg tok på seg eit serleg ansvar.

Men det gjekk trått. Mange vart motlause. Endeleg i haust kom det gledesbodskap: færre mødre døyr. Samla sett har talet gått ned med ein tredel. Medan om lag 546 000 kvinner døydde i samband med svangerskap og fødsel på verdsbasis i 1990, var talet redusert til 358 000 i 2008. Og det er oppmuntrande at ikkje berre velstilte, men og fattige land i Afrika og Asia har gjort store framsteg.

Vi har lært kva som trengst: ein engasjert politisk leiarskap med deltaking av lokalsamfunna og ulike partnarar som sørgjer for at folk har tilgang til eit godt helsesystem med

– familieplanlegging: rådgjeving, tenester og utstyr,

– kvalitetsomsorg for mor og barn før, under og etter fødselen, og

– mogelegheit for trygg abort.

Satsing på helsesystem og tenester knytta til seksuell og reproduktiv helse er til dels kontroversielt. Men tiltaka trengst for å berge liv. Mor-barn-omsorg krev omlag 3 dollars pr innbyggjar i lavinntektsland. Det kan synest lite, men det er land som har eit mindre samla helsebudsjett enn dette og som attpåtil opplever ein personellkrise på grunn av migrasjon til industriland. Difor må det koma hjelp utanfrå.

Jamvel med ein reduksjon på ein tredel, er verda langt frå tusenårsmålet. Kvar dag døyr 1 000 gravide kvinner: 570 i Afrika sør for Sahara og 300 i Sør-Asia. Faren for at ei mor døyr, er 36 gonger større i utviklingsland enn i industriland. Ikkje på noko helseområde er gapet større mellom fattige og rike.

Sidan 1990 har mødredøden minka med ca 2,3 prosent i året. For å nå tusenårsmålet trengst ein reduksjon på det dobbelte: 5,5 prosent. Det skal meir til enn vanlege nyttårsforsett nasjonalt og internasjonalt for at kvinner over hele verda skal kunne håpe å føde barn under tryggare tilhøve enn Maria.