NORSK KVINNESAKSFORENING FEIRAR RUNDE ÅR, MEN ER IKKJE I MÅLIntervju med Torild Skard i Klassekampen 12 november Av Magnhild Folkvord
Først da Norsk Kvinnesaksforening (NKF), den eldste av dei norske kvinnesaksorganisasjonane, var nesten 100 år kom kvinnefrigjeringa inn i formålsparagrafen. Ved 125–årsjubileet er målet framleis «kvinnefrigjøring og reell likestilling mellom kjønnene». 125–årsjubileet har blitt markert med seminarrekkjer, møte og nye publikasjonar, og i dag, på dagen 125 år etter at eit stort oppslag i dei større avisene oppmoda publikum til å teikna medlemskap i den nye organisasjonen, er det festmøte i Oslo. Statistikkjuks Torild Skard har vore leiar for organisasjonen sia 2006. – Har vi ikkje snart komme i mål med frigjering og likestilling, Noreg toppar alle statistikkar? Skard, som sjølv har ei merittliste som første kvinne i fleire internasjonale posisjonar, både i UNICEF og UNESCO, er ikkje imponert over korleis internasjonal statistikk blir brukt til skryta av Noreg. – Dei bruker statistikk frå UNDP (FN sin organsisasjon for utvikling) som er laga for å måla utvikling av utdanning, helse og inntekt i utviklingsland. Alle dei rike landa er på topp. Vi er på topp fordi vi gjennom tidene har utbytta dei andre. Denne statistikken seier ingenting om rettferd, fordeling, haldningar og kultur, det er juks å nytta han slik ein gjer, seier NKF–leiaren. Førre året tok ho initiativ til ein skuggerapport til FN om likestillingssituasjonen i Noreg. Den gav eit anna bilete enn den rapporten den norske regjering sende frå seg. Alt heng ihop Når vi spør om den viktigaste kampsaka etter 125 år, får vi ei liste i seks punkt: Halve makta, eit kvinnevennleg samfunn, lik inntekt for kvinner og menn, råderett over eigen kropp, kjønnsrettferdig omsorg til barnas beste og søstersolidaritet. – Alt dette heng ihop, å plukka ut ei sak let seg ikkje gjera. Kvinnekampen handlar framleis om makt, ressursar og verdsetting, seier Skard. – Kva er skilnaden på kvinnefrigjering og likestilling? – Likestilling stod sentralt heilt frå NKF vart stifta, og kravet om lik røysterett var ei hovudsak. Seinare har vi skjønt at den formelle likestillinga ikkje er nok, det må meir til for å få reell likestilling. Kvinnefrigjering er eit viktig uttrykk for at kvinner skal få utvikla seg på eigne premissar. Målet er ikkje å «bli som menn» eller alltid å gjera det same som menn, seier Skard. Farsrolle og morsrolle – Det er sjølvsagt at kvinner og menn skal ha like rettar som samfunnsborgarar og at kvinner skal verdsetjast like høgt som menn, men det blir gale å seia at mor og far har like roller i tilhøve til barn. Dei har ulike, men like viktige roller, forklarer ho. Og dermed er vi midt i ei aktuell sak som har vekt stort engasjement også i NKF, nemleg deling av foreldrepermisjonen. Etter grundige diskusjonar kom NKF fram til at tredeling av foreldrepermisjonen er greitt dersom den samla permisjonen er eitt og eit halvt år. – Vi er einige om meir permisjon til far dersom det kjem i tillegg til mor sin permisjon, men ikkje dersom far skal få permisjon istadenfor mor, seier Skard, og legg til at ho vart «himla forskrekka» da ho vart klar over kor dårleg barselomsorgen er i 2009. – Dei som skal bli mødrer, får full oppbakking gjennom svangerskapet, men når fødselen er over, skal dei raskast mogeleg ut frå sjukehuset til ingenting. Krise i kommuneøkonomien og sjukehusøkonomien rammar dei nybakte mødrene på uforsvarleg vis, seier NKF–leiaren. Omsorgsvennleg arbeidsliv Seminar om likestilt foreldreskap har vekt interesse for NKF hos ein del yngre kvinner. – Arbeidslivet er vanskeleg i det store og heile. Det må bli meir omsorgsvennleg. Kvifor skal det vera så vanskeleg å nå fram med kravet om kortare arbeidsdag? Vi treng meir regulering av arbeidsvilkåra og arbeidstida, altfor mykje blir overlate til partane i arbeidslivet, seier Skard. Ho trur heller ikkje likelønnsspørsmålet blir løyst med at det blir overlate «til partane». – Ein må skjønna at det er noko med systemet. Det ligg i saka at dei svakaste er dei svakaste heile vegen, dei når ikkje fram, heller ikkje når ansvaret blir lagt hos «partane». Det trengst ei aktiv fellesskapsrøyst om vi skal komma nokon veg. Staten må ta eit aktivt ansvar for ein dialog for å få til den endringa som trengst, seier Skard. – Mykje står att – Vi har framleis sterke patriarkalske trekk i samfunnet. Maktutgreiinga viste at i leiande posisjonar er fire av fem menn, og kvinners inntekt er framleis ikkje meir enn to tredelar av menns inntekt, så det er klart det enno er mykje som står att, seier Skard. Men noko har gått framover. – Ser eg på mine eigne besteforeldre, veit eg at bestefar (Halvdan Koht, red. anm) skreiv 43.000 sider medan bestemor mest stelte hus og barn. Noko har endra seg. Men kvinnefrigjering er eit mykje større prosjekt enn nokon visste da kvinnekampen starta, seier NKF–leiaren. magnhild.folkvord@klassekampen.no
Norsk Kvinnesaksforening
Besøksadresse:
Majorstuveien 39
0367 Oslo
tlf. 22 60 42 27
post@kvinnesak.no
Postadresse:
Postboks 8901 Youngstorget
0028 Oslo

24. mars: Lokallaget I Bergen har årsmøte.
14. april kl. 15.00-19.30, Litteraturhuset i Oslo: Norges oppfølging av CEDAW-konvensjonen. Arr.: NKF og JURK.
24.de april: NKF har landsmøte i Oslo
8. mars kl. 19.00: Storbandet 'SheBop Big Band' (se www.shebop.no
6te og 7de mars kl. 17: Christiania Damekor's forestilling Sterke Kvinner. Billn kjøpes på post@christianiadamekor.org eller via sms til 901 00 758
2013-komiteen (stemmerettsjubileet) har nytt møte 18.-19. mai. 'Filosofiens annet kjønn' - Utstilling i Galleri Sverdrup - om kvinnelige filosofer Moltke Moesvei 39, Blindern http://www.uio.no/publikum/gallerisverdrup/