/kvinnesak
post@kvinnesak.no

Meninger

Tale ved Guri Idsø Viken ved Camilla Colletts statue 8. mars 2025

Kjære alle.

For om lag et år sia fann eg ei jente som sat aleine på ein benk på Stortorvet i Oslo ein laurdag formiddag. Ho grein. Ho var veldig forvirra og ute av seg. Og aleine, Så eg fekk ho inn i ein taxi. På veg mot legevakta viste det seg at ho og venninna hadde blitt med nokre ukjende gutar heim frå byen kvelden før. Og at ho hadde blitt voldtatt. Ho var 16 år.

Nokre månader tidlegare såg eg og venninna mi ei dame som sat aleine på ein benk på busstasjonen, omgitt av masse plastposar. Venninna mi er frå Ukraina og var heilt sikker på at den dama var det og, så ho tok kontakt. Det viste seg at kvinna hadde stappa alt ho kunne få med seg av eigne ting i posane og tatt buss etter buss etter buss heile vegen frå Aust-Ukraina til Noreg. Men no visste ho ikkje kva ho skulle gjere. Vi forklarte korleis ho kunne låse livet sitt inn i ein oppbevaringsboks og finne vegen til Grønland politistasjon for å be om opphald.

Eg veit ikkje meir om korleis det gjekk med desse kvinnene. Men eg veit at det gjekk litt betre med dei fordi eg og venninna mi såg dei.

Før 8. mars har eg ofte spurt meg sjølv: Kven er det viktigast at vi støtter dette året? Kor står de viktigaste kampane no? Kor brenner det aller mest i kampen for en meir likestilt verden?

No er det vanskelegare å finne svaret enn nokon gang. For no brenn alle hus samtidig.

No opplever ei av ti norske kvinner alvorleg fysisk vald i nære relasjonar. Talet auka med 13 prosent frå 2023 til 2024. 

Ei av ti kvinner har blitt voldtatt, halvparten av dei er under 18 år. Svært unge jenter får tilbod om pengar mot sex i sosiale mediekanalar som Snapchat utan at nokon evner å kontrollere det.

No behandlar Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold 1402 saker, av dei 747 saker handlar om jenter under 18 år. Av dei 11 barneekteskap berre i fjor.

No, berre i år, blir fleire hundre personar frakta frå inn frå resten av verden til prostitusjon i Norge, og talet aukar, mellom anna om følge av krigen i Ukraina. For no er ukrainske kvinner på flukt aleine, og stadig færre hjelper dei. 

No seier ein tredjedel av alle skeive i Agder at dei har psykiske helseutfordringar. Også på landsbasis har tala auka. Etter 25. juni 2022. 

Etter et av de verste angrepa på skeive på norsk jord, aukar også hatkriminaliteten. Aller mest mot transpersonar. Fordi nokon må rive ned deira eksistens for å hevde eigen maskulinitet eller er redde for å bli slått i ein idrett dei likevel ikkje er god nok i.

No burde bistandsorganisasjonane få rom til å støtte kvinner og barn på flukt og i desperate livssituasjonar i Palestina og Sør-Sudan og Afghanistan. I staden må dei sei opp fleire tusen menneske verda over fordi USA har slutta å hjelpe andre. Fordi gale forretningsmenn siter i et ovalt kontor med svart caps og alt for langt slips og kveler verden med et pennestrøk mens dei hyllar humoren sin og kallar det effektivisering.

No har landet til fleire av våre feministiske forbilde, til Judith Butler og Gloria Steinem og Rosa Parks, valt ein av verdas verste kvinnehatarar til president. I landet som har kalla seg leiarane av den frie verda, vil dei ta frå kvinner retten til sjølvbestemt abort, stoppe forsking på kvinnehelse, slutte å undervise om kjønn og seksualitet i skolen og sperre migrantkvinner inne på hotell for å kaste dei ut av landet. 

På det ovale kontoret kallar dei likestilling for ekstremisme, og det er dei ikkje alene om. No spreier høyrepopulistiske medium og podkastar seg som giftig sopp i verda. Dei hyller menn som hater kvinner og kappast om å hate feminisme mest og blir inviterte til våre fremste nyheitsprogram som om dei var seriøse, kunnskapsrike debattantar. 

Kjære medsøstrer. Eg skulle gjerne ha pynta på sannheita, men vi har dessverre ikkje tid til det nå. I dag er det her vi er, og det ser ikkje så lyst ut. No må vi gjere noko. For det her går jo ikkje.

Heldigvis finst det enno håp. Og motstand.

Denne veka opna det ein ny, fin bokhandel i Kharkiv i Aust-Ukraina. Midt i det verste krigsområdet i Europa vil nokon enno få folk til å lese bøker. Mens nokon riv ned samfunn og demokrati, gjer andre sitt beste for å bygge det opp igjen.

Denne veka lærte eg at Norsk Kvinnesaksforening samarbeider med afrikanske og asiatiske kvinner. Og at dei arrangerte Furiefest for å feire Aasta Hansteen i fjor.

Denne veka samla kvinner seg i Slovakias hovudstad Bratislava for å protestere mot myndigheitenes angrep på kvinnerettigheiter, sjølv om myndigheitene stadig prøver å hindre dei i å gjere nettopp det. Det same skjedde i Serbias hovudstad Beograd. Og i Georgia, der folket har protestert jamleg sidan eit pro-russisk, kvinnefiendtleg, LHBTQI+-fiendtleg såkalla parti kuppa valet. 

Ekstremistar kan kanskje jukse med valet. Men dei kan ikkje jukse seg til folkets støtte. Og i alle fall ikkje kvinnene si støtte.

Kvindesagen er menneskehedens sag, sa Camilla Collet. Eg vil seie at menneskeheitas sak også er kvinners sak.

I 2020 og 2021 demonstrerte kvinnerørsla i Polen mot strenge abortlover . Dei vart motarbeida, angripe og trakasserte. Spytta på på trikken. Fekk drapstruslar frå politikarar. Det var ikkje trygt for leiarane deira å bu heime. Likevel samla dei stadig fleire menneske, og etter kvart handla også demonstrasjonane meir generelt om motstand mot antidemokratiske myndigheiter. 

Det vart til slutt eit politisk skifte i Polen, og i dag er den politiske situasjonen litt betre. Men hugs at det var kvinner som fekk til denne endringa, da. 

Vi har marsjert i mange tog, vi. Kjempa mange kamper. For vi, vi kjenner verdas vondskap på kroppen. Heile tida. Og vi gir oss ikkje for det. Ikkje denne veka heller.

Kjære medsøstre. Vi kan ikkje la kvinner kan sitte åleine på benker rundt oss no. Vi kan heller ikkje la verdas ekstreme politikarar ta frå oss rettar vi har kjempa for. No er tida for å sjå kvarandre. For å støtte kvarandre. Og reise oss saman. 

Alt vil bli betre denne gongen og. Men ikkje utan kamp. Vi må heller ikkje tru at kampen for en likestilt verden kan vinnast. Likestillinga går fram og tilbake, og utfordringane finst på ulike felt til ulike tider. Derfor må vi alltid kjempe. Derfor må vi alltid spørje oss sjølv kor det brenn mest i dag. Gå ut og marsjere. Og aldri, aldri gi oss. I alle fall ikkje no.

God 8. mars!