Onsdag 8. juni 2022 kl. 18 blir det jubileumsmarkering og boklansering på Litteraturhuset i Oslo, i Amalie Skram-salen.
Susanne Dietrichson, forskningsjournalist i Kilden, vil vera bokbademeister.

Gina Krog (1847-1916) var ei av dei sentrale kvinnesakspionerane kring førre hundreårsskiftet.
I år er det 175 år sia ho vart fødd.
No kjem boka om henne og innsatsen hennar i kvinnekampen:
Gina Krog – feminist og tindeklivar av Magnhild Folkvord.

Stemmerett for kvinner var ei hovudsak, men for Gina Krog var det sjølvsagt at eit program for full kvinnefrigjering også måtte omfatta både rett til arbeid og utdanning og lik lønn for kvinner og menn. Ho brukte klar tale når ho møtte kvinneforakt – også i sitt eige parti Venstre.
Gina Krog redigerte det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg, Nylænde, i nesten tretti år, og ho sørga for å knytta den unge norske kvinnerørsla til den internasjonale kvinnerørsla.

Arrangørar: Norsk Kvinnesaksforening og Solum Bokvennen

Se informasjon om arrangementet på Litteraturhuset sine nettsider ved å TRYKKE HER


Forfatter Magnhild Folkvord