/kvinnesak
post@kvinnesak.no

Meninger

Korleis har barn i barnehagen det i dag?

Dette var det sentrale spørsmålet  då Norsk Kvinnesaksforening  inviterte til seminar på Litteraturhuset 25.oktober. I 2008 vart målet om full barnehagedekking nådd. Barn frå eitt år er i dag garantert plass, men det er ikkje nok førskulelærarar, mange og ulike aktørar  driv barnehagar, og det blir eksperimentert både med romløysingar og pedagogikk. Fleire hundre var møtt fram for å høyre fagfolks vurdering av dagens situasjon, og for å møte  foreldre som stilte kritiske spørsmål til dagens barnehagepolitikk.

Eittåringar i barnehage har kome for å bli. Difor er ikkje spørsmålet korvidt eittåringar bør gå i barnehage eller ikkje, men korleis  barnehagen kan tilpassast  så små barn. Slik opna professor emeritus Lars Smith, Psykologisk Institutt, Universitetet i Oslo, sitt innlegg. Smith kjenner feltet spebarnsforsking og framheva  tryggheit,’ tilknytning’ til ein person som det heilt sentrale i denne perioden. Barn kan ha trygg tilknytning til meir enn ein, men ikkje til mange. Når barn i barnehagen er så små som eitt år, er dei sårbare,trygg tilknytning vil redusere stress hos barnet, difor er det særleg viktig at behovet for å knytte seg til ein person, blir ivareteke. Smith framheva at dagens barnehage  ikkje er slik organisert at den ivaretek dette behovet hos dei minste. Vil politikken på dette området bli annleis? Lars Smith stilte spørsmålet, sjølv meinte han det hadde vore ein fordel om foreldrepermisjonen vart forlenga slik at eittåringar  kunne byrje i barnehagen seks månader seinare enn dei gjer i dag.

Journalist og forfattar Linn Stalsberg tok opp tidsklemma og sa at barnehagen er blitt ei brikke i eit puslespel for å få kvardagen til å fungere. Vi må tilbake til  jobb sjølv om vi usikre på om barnehagen er bra for barnet, det blir forventa at du greier å kombinere jobb og barn. Ho beskreiv  korleis ho ofte kjente på ei uro ved dagens situasjon, ved det få ungen opp og påkledd og av garde om morgonen, og aller verst er det når barnet ikkje forstår kvifor du går. Ho spurde om det var  dette samfunnet vi sloss for på 1970 talet, og sa at i hennar kritikk låg det og ein kapitalismekritikk. Vi må jobbe fulltid i Noreg i dag, det er økonomisk nødvendig for mange.Hennar anliggande var ikkje å angripe dei som har barn i barnehagen på fulltid, men å utvide dei muligheiter foreldre har til å velje korleis dei vil leve. Kva forandringar burde til?  Linn Stalsberg nemnde stikkord som borgarløn, ein annan boligpolitikk og ho drog liner frå barnehagedebatten til spørsmål om  kortare arbeidsdag og start i barnehagen ved to års alderen.

Simen Tveitereid er  journalist og forfattar av boka ‘Kva vil vi med barn?’ Han var lei av mykje av den offentlege debatten om barnehagen, av alle undersøkingar for og mot  å ha barn tidleg  i barnehagen. I undersøkingar svarar 18 prosent av mødrene at barnehage er best for barna, 40 % seier dei vel barnehage fordi samfunnet er lagt opp slik. Tveitereid frykta at foreldre skulle miste trua på seg sjølv. Det er lett  å velje slik alle andre gjer, og at det som blir forstått som best, blir påverka av kva andre vel å gjere. Han vektla det eksistensielle, det personlege ansvar som foreldre har for korleis ein vil leve. Han spurde; vel vi på vegne av oss sjølv eller vel vi på vegne av barnet?

 

Lov kan sikre kvalitet

I 2010 går ni av 10 barn i barnehage, og det har skjedd ein sosial revolusjon sidan fyrste barnehagelova kom i 1975. Dette var bakteppet for Jon Christian Fløysvik Nordrum si innleiing. Han er  stipendiat ved  Institutt for Offentleg Rett ved UiO og medlem av Øie-utvalet som har utgreidd regulerbare faktorar som påverkar kvaliteten i barnehagar. I det nye forslaget til  barnehagelov er ‘barnets beste’ den overordna vurderingsnormen. Fløysvik framheva dette og kalla ‘barnets beste’ eit anker for argumenta som var viktig  i møte med økonomanes måte å tenkje på. Fløysvik frykta at overgang til rammefinansiering av barnehagar over kommunale budsjett ville føre til at barnehagane kom dårlegare ut enn i dag. Han skilde mellom offentlege barnehagar, private barnehagar ut frå ideelle formål, og kommersielle barnehagar som vektla økonomisk lønsemd. Fløysvik var oppteken av at det er ein samanheng mellom kvalitet og økonomi, og at lovas oppgåve var å setje ei grense og  vere eit styringsverktøy mot kortsiktig økonomisk nyttetenking.

Solveig Østrem er førsteamanuensis ved Høgskolen i Vestfold. Hennar tema var: ‘Barnehage- for barnas, likestillingens,arbeidsmarkedets eller bruttonasjonalproduktets skyld.’ Ho spurde innleiingsvis; kvifor er barnehagar  så provoserande og debattar som barnehagar ofte så like, og svarte at det har med synet på kvinna og på barnet å gjere. Ho vektla at barnehagar har gjort kvinners deltaking i arbeidslivet mogeleg og at utan barnehagar ville kvinner blitt bundne til privatsfæren. Østrem var oppteken av at barnehagar inneber at barn ikkje lenger er lukka inne i den private sfæren, og at barnehagar difor utfordrar synet på  barn som familiens eigedom. Østrem var oppteken av dei negative sidene ved den raske barnehageutbygginga og gav døme på korleis den økonomiske logikken dei siste fem åra hadde kome inn i tenkinga om barnehagar, m.a. tydeleggjort ved bruk av omgrep som ‘kostnadseffektive’ og ‘avkastning’. Ho spurde; trengst barnehagar for barnas skuld eller for BNP,-bruttonasjonalproduktet si skuld? Østrem såg ein tendens til at forsking  vart brukt som eit argument for eller i mot barnehagar. Sjølv tok  ho sterkt sterkt til motmæle mot det ho kalla ‘tidleg innsats retorikken’; det at ein skulle inn i barnehagen og måle alt mogeleg, og det at ein brukte ein argumentasjon som gjekk ut på at om  barn som ikkje lærde tidleg nok, så ville dei aldri  ta det att. Ho åtvara mot ein polarisert debatt om barnehagar.

Referat:Audgunn Oltedal