/kvinnesak
post@kvinnesak.no

Meninger

Tale ved Magnhild Folkvord ved bekransningen av Gina Krogs grav på Vår Frelsers gravlund, 17. mai 2025

Gode vener!

Gratulerer med dagen!

Eg takkar for den æra det er å få vera med på å minnast Gina Krog på denne dagen.

Gina Krog er først og fremst kjend for kampen for stemmeretten. Ho var aktivt med i organiseringa av kvinnerørsla på 1880-talet. Ho var med og stifta Norsk Kvinnesaksforening i 1884. Der var det ein mann, Hagbart Emmanuel Berner, som sikra seg formannsvervet frå starten, og sørga for at kvinnestemmerett ikkje skulle vera eit prioritert mål for Kvinnesaksforeininga.

Gina starta Kvindestemmeretsforeningen året etter, der kunne berre kvinner vera med, og med eitt mål: Stemmerett for kvinner på same vilkår som for menn.

Den første delsigeren i stemmerettskampen, vedtak i Stortinget pinsekvelden 1901, gav om lag halvparten av kvinnene kommunal stemmerett. I 1902, året etter den første delsigeren, fall 17. mai på pinsekvelden, og det vart dobbelt grunn til å feira dagen.

Ifølgje Nylænde (11/1902, s. 174) preika sokneprest Frølich ved morgonandakten i Gamle Aker menighetshus, (rett her borte, Akersveien 40/42) 17. mai 1902 og han «fremholdt» at dagen også var kvinnenes «fest- og frihedsdag».

          Stemmeretten var ei sjølvsagd kampsak for framsynte kvinner på Gina si tid, og ho hadde mange dyktige kvinner omkring seg.

Men Gina ville enda meir, ho ville full kvinnefrigjering.  Kvinneorganisasjonane kunne ikkje nå ut til alle kvinner i det langstrekte landet vårt. Gina gjekk i spissen for å få starta Nylænde, det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg, utgitt av NKF. Eit tidsskrift kunne nå like langt som Posten nådde.  Gina vart ein sjølvsagd og sjølvstendig redaktør for bladet som kom ut to gonger i månaden, frå starten i 1887. Ho definerte sjølv to mål for kvinnekampen, og dermed for Nylænde:

Det eine var å rydda vekk alt det som hos kvinnene sjølve verka forkrøblande og hemmande for utviklinga deira, det andre var «omdannelsen af det hele samfunds følelse».

Økonomisk sjølvstende var eit sjølvsagt vilkår for verkeleg kvinnefrigjering. Kvinnene trong arbeid og ei lønn dei kunne leva av. Ikkje så enkelt når ei kvinnelønn ofte var berre halvparten av ei mannslønn. Gina var klinkande klar på at for å nå fram med krava sine måtte kvinnene fagorganisera seg. Sommaren før den første store kvinnestreiken, fyrstikkarbeidarstreiken 1889, skreiv ho ein leiarartikkel i Nylænde med overskrifta «Organisation»: «Det vil i det store og hele taget ikkje kunne gaa fremad med kvinders arbeid og økonomi, saa lenge de gaar og smaapusler alene, hver for sig.» (14/1889, s. 210)

Ho understreka at «det først og fremst tilkommer kvinderne selv at rette paa disse forholde, og at det kraftigste og virksomste middel der staar til deres raadighed, er organisation.»

Gjennom Nylænde fekk ho spreidd informasjon om realitetane i ulike kvinneyrke. Syerskene hadde det særleg vanskeleg. Elendig lønn og elendige arbeidsforhold. Dersom ingen andre hjelpte til, meinte Gina det var ei sak for NKF å hjelpa syerskene med å få i gang fagorganiseringa. Det viste seg at dei mannlege skreddarane tok ansvar, og i 1891 kunne Nylænde fortelja at «Den kvindelige fagforening i herreskrædderfaget» var stifta, og året etter vart ei fagforeining for syersker danna i Kristiania 22. mai.

Andre yrkesgrupper, som til dømes jordmødrene og telgrafistinnene, fekk både omtale og støtte i Nylænde. Telegrafverket hadde oppdaga at dei kunne spara mykje på å lønna kvinnene dårlegare enn menn, og etter kvart overlata noko av det som hadde vore mannsoppgåver til kvinnene.

Det kommenterte Gina slik i 1898:

«Vi maa ærlig tilstaa,

at denne ide ved hjælp af kvindelig arbeidskraft at ballancere budgettet,

den falder os nu ved udgangen af det 19de aarhundrede en smule tungt for brystet…»                  (Nylænde 6/1898, s.87.)

 Jordmødrene var særleg dårleg stilte, lønna, som vart fastsett av Stortinget, dekte knapt mat og husleige. I 1896 kom eit brev frå «Mange distriktsjordmødre» på trykk i Nylænde. Dei trong både høgare lønn, alderstillegg og pensjon, og understreka samfunnsansvaret, dette handla om å sikra trygge vilkår for fødande kvinner: «Fattigdommens jernhaand lægger sig over os og kuer al interesse. […] Dette går ut over dei som treng oss, det rammar mødrene, skreiv jordmødrene.

          Nylænde vart eit viktig blad for mange, så viktig at ikkje alle våga å abonnera på det. Ei lærarinne som var sterkt interessert måtte dela abonnementet med ei venninne. Lærarinna var redd for å mista jobben dersom prosten, som var arbeidsgivaren hennar, fekk vita at ho abonnerte på Nylænde.

          På Gina si tid var det omfattande prostitusjon i hovudstaden. Dei fleste kvinnesakskvinnene såg på prostitusjon som eit fattigdomsspørsmål, medan  Sædelighedsforeningen meinte det var eit moralsk spørsmål, dei snakka gjerne om «falne kvinder». Også her såg Gina at det trongst organisering, ho foreslo, så tidleg som i 1886 å stifta ein organisasjon med det eine føremålet å få slutt på prostitusjonen (Dagbladet 13.12.1886). Ein slik organisasjon kunne samla alle som var mot prostitusjon, sjølv om dei var ueinige om det meste elles. Men der var ho nok for tidleg ute. Den ideen let seg ikkje realisera før nesten hundre år seinare, med Fellesaksjonen mot porno og prostitusjon på 1980-talet.

          Stemmerett, fagorganisering, lønn og arbeidsforhold var grunnleggjande viktige saker. Men Gina sitt kvinnefrigjeringsprosjekt omfatta enda meir, kvinner skulle også erobra område som så langt hadde vore mest for menn, og gjennom Nylænde kunne dei få både informasjon og oppmuntring til å prøva det som var uprøvd. Sjølvsagt skulle jenter og kvinner få utfalda seg på ski og skeiser, klatra i fjellet og sykla – minst like mykje som menn. Formannen i Foreningen til skiidrettens fremme vart invitert til å skriva i Nylænde om kvinner og skigåing, og ein spennande rapport om fjellklatring, skriven av den første kvinna som nådde toppen av Store Skagastølstind i 1896, Therese Bertheau, kom først på trykk i Nylænde. Og Gina skreiv engasjert om Hjulsporten, altså sykkel og sykling, i ein leiarartikkel i Nylænde. Ho hadde sykla dagleg i eit par år, var opptatt av å gi gode råd, og gjekk svært konkret til verks. Ikkje minst var klesdrakten viktig. Korsett og krinoliner ikkje var godt eigna til lange sykkelturar, og Gina heia gjerne på den som våga å prøva ein sykkeldrakt med «benklær».

          Ho forklarte korleis og kvifor ein skulle sitja «rank paa sin cykle», ein skulle «sidde paa sin sadel, ikke ride eller hænge som en ildtang paa en knag», og sykkelsetet burde utstyrast med «et tykt, blødt dække, blød madrats» eller liknande.

Og så var det damenes forhold til sykkelen: Så lenge sykkelen er «en fremmed, hvis væsen man ikke kjender, hvis tarv man ikke forstaar og altsaa ikke varetager, kan man aldrig blive ret fortrolig med den, aldrig give sig rigtig hen eller føle sig fuldt tryg paa sin sadel». Ein ville stadig ha ei kjensle av at det plutseleg kunne skje ein eller annan forferdeleg ting. Men når ein kjenner og forstår sykkelen sin, vil ein i utruleg mange tilfelle kunna klara seg – anten med eiga hjelp eller med ei lita handsrekning som ein overalt i verda kan skaffa seg. Til slutt blir ho enda meir konkret: Rensing og smøring skal ein heller ikkje vera redd for å gjera sjølv – ein kan jo bruka hanskar, om ein vil skåna hendene.

Eg kan ikkje tolka desse instruksane som anna enn ei sterk melding om at kvinnene så langt mogeleg må bli sjølvhjulpne på alle område, og ikkje gjera seg avhengige av at ein reddande mannsperson skal ordna opp. Hadde ho levd i bilens tidsalder, ville ho truleg argumentert strengt for at kvinner både skulle køyra og skifta hjul utan assistanse.

          Gina Krog var den første kvinna som vart gravlagd på statens kostnad. Mykje har skjedd sia den gongen. Vi har mykje å takka henne og andre sterke kvinner for. Vi veit ikkje kva ho ville blitt mest forundra over om ho hadde visst at vi i 2025 enno ikkje er i mål med lik lønn for kvinner og menn, eller at den internasjonale kvinnehandelen er større og meir forferdeleg enn nokon gong.

          Vi treng framleis å verna om dei sigrane som er vunne, og å minna kvarandre på kva vi framleis  har å kjempa for, i vårt eige land og elles i verda.