Arna Meisfjord, pedagog og tidligere rektor for Høgskolen i Nesna:
Eg har vore engasjert i likeverd og rettferd for kvinner sidan eg var ung jente. På skolen opplevde eg at det i rekneboka mi stod: «Jentene treng ikkje rekne nr. 25.» Kvifor er det slik, tenkte eg. Det er framleis grunn til å spørre kvifor det er slik at kvinner tener mindre enn menn og at kvinner gjer mest av det heilt ulønna arbeidet. Og kvifor er det slik at fødande kvinner blir sendt milevis i bil fordi fødeavdelingane er sentralisert. Verst av alt er den systematiske bruken av vald mot kvinner, i krig som i «fred». Valdtekt, vald i nære relasjonar og drap av kvinner er ein situasjon som ropar på kvinnesolidaritet, på kamp mot denne grove kvinneundertrykkinga. Porno og prostitusjon er marknadsføring av ein ideologi som legitimerer slike overgrep mot kvinner. Derfor støttar eg all organisert kamp mot denne
uretten.
Derfor har eg meldt meg inn i Norsk Kvinnesaksforening og derfor jobbar eg saman med Berit Ås og mange andre aktive kvinner, for å bygge Kvinneuniversitetet Norden. Det er ein stolt tradisjon som Norsk Kvinnesaksforening forvaltar. Denne tradisjonen vil eg gjerne vere ein del av.
Publisert i Kvinnesaksnytt 2011-2